Finn Myrvang si startside

Stadnamn

frå land og sjø

Kven si side?

Finn Myrvang har gjennom eit langt liv vore interessert i korleis stadnamn blir brukt og kva dei tyder. Hans eiga hovudfagsoppgåve 1976 handlar om stadnamn knytt til sjø og fiske i Andøy kommune: Kom i bokform 1981-1982 med tittel «I havsauga – Andøya i stadnamn og kysttradisjon», på forlaget Lofotboka.

 

Vart seinare leiar for Stadnamnprosjektet i Nordland, under Arkiv i Nordland, og skreiv i samband med det namneboka «Nøkkelen til Utrøst». Han har også vore konsulent for kartverket i Nordland, så vel som nord-norsk stadnamnkonsulent.

Sjå galleri

Klikk her for å sjå vår fotosamling

Artiklane på denne sida har for det meste vore trykt i "Håløygminne" og lokale nordnorske årbøker. Dei er nyredigerte, og fleire er nyskrivne. Tanken er at framlegg til namnetolkingar bør vere tilgjengelege i dataalderen au, og tilbakemeldingar blir viktige for korleis sida blir utsjåande.

 

Fotoutvalet er av skiftande kvalitet, då dei eldste er knipsa med dårleg svart-kvitt kamera, men tanken er ikkje at dette skal vere eit landskapsfoto-galleri av prima kvalitet, men at kombinasjonen av foto og tekst skal gje innsikt.

 

Historiske utklipp

 

alle frå "Vesteraalens Avis", Stokmarknes:

 

16. des. 1898: «Narvik er det officielle Navn paa det tidligere Viktoriahavn i Ofoten. Et uheldigere Navn kunde neppe findes».

 

25. aug. 1899: «I 'Bergens Aftenblad' foreslaar en Indsender, at man gjenoptager Byens gamle Navn 'Bjørgvin', for at man kan blive kvit de mange Ubehageligheder som en Flerhed af Byer ved Navn 'Bergen' ved Forveksling kan give Anledning til.

Det kan nævnes foruden vort eget Bergen, 13 Byer af dette Navn, muligens flere. De forenede Stater har 3, Belgien 1, Frankrige 1, Tyskland 5, Holland 2, Danmark 1».

 

20. okt. 1908: «Maaldaab. Som bekjendt finds en indsjø ved navn Fæmundsjø. Efter forlydende fra maalvenligt hold skal den nu omdøbes til Nautmulevatnet, ligesom postaabneriet Fæmundsenden til Nautmulerompa».

 

6. des. 1912: «Det nye storting skal forandre hovedstadens navn til Oslo, fortæller «Dagbladet». Præsidenten i mai 1914 blir sikkerlig Jørgen Løvland. Da bør sandelig stortinget sørge for at han ogsaa skifter navn og kalder sig Lauvland som gaarden kaldes i bygden. Skal stortinget fiffe op hovedstaden, bør sandelig stortinget fiffe op præsidenten sin ogsaa, foreslaar 'Riksmaalsbladet'».

 

22. aug. 1919: «Sand postaapneris navn blev av Hadsel herredsstyre anbefalt for-andret til Strandlandet postaabneri. Poststyrelsen hadde foreslaat Nordsand».

 

27. okt. 1919: "Nidaros Norges hovedstad. Skiensbladet 'Norig' tar i en artikel ordet for, at hovedstaden flyttes til Trondhjem: 'Norig's redaktør, Olav Gullvaag, har altid snurrige ideer at bringe til torvs - forledet som han er av en formørket maalfana-tisme".

 

 

Vi dukkar i gamle protokollar i Andenes og Vesterålen

Tallause stadnamn?

Språkstrid med hagle? På Hadseløya ligg dalføret og garden Vatndalen som vegvesenet kallar for "Vatndal", men ein ekte vandal vil aller helst ha "Vandal". Ganske ordvisst til sjølvskot å vere - .